Alfred Bjørlo blir dagleg leiar i næringsstiftinga Drivkraft
Går frå Stortinget til nyoppretta næringslivssatsing.
Tidlegare stortingsrepresentant og ordførar Alfred Bjørlo blir dagleg leiar for den nyoppretta næringsstiftinga Drivkraft. Drivkraft er etablert av SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane med ein startkapital på 100 millionar kroner.
– Drivkraft er eitt av dei mest slagkraftige initiativa nokon sinne for å samle krefter om å skape utvikling og framtid i Sogn og Fjordane. Eg er glad for tilliten til å setje retning og fart på Drivkraft frå starten av, seier Alfred Bjørlo.
Alfred Bjørlo har vore medlem av Stortingets Næringskomité og ein av Norges mest profilerte næringspolitikarar dei siste fire åra. Tidlegare har Bjørlo mellom anna vore ordførar i Eid og Stad i 10 år, dagleg leiar i Måløy Vekst og politisk rådgivar i Næringsdepartementet og Samferdsledepartementet.
Solid startkapital
Næringsstiftinga Drivkraft er etablert av Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane med mål om å vere ei kraft for nyskaping og innovasjon i næringslivet. Stiftinga har ein startkapital på 100 millionar kroner.
– Drivkraft har betydeleg startkapital og solide stiftarar i ryggen. Skal visjonen bak Drivkraft bli røyndom, handlar det likevel om meir enn pengar. Vi må bygge kultur for samarbeid, tillit og tempo. Altfor mange gode idéar og bedrifter har forsvunne frå Sogn og Fjordane fordi kapital og nettverk har vore for svake eller for langt unna. Den utviklinga må vi snu: Drivkraft skal vere motoren som får kapital, idéar og folk til å spele på lag.
Drivkraft skal etter planen vere i ordinær drift frå 1 januar 2026. Alfred Bjørlo startar i stillinga i ein mindre stillingsprosent frå 1. november 2025, og for fullt frå nyttår.

– Drivkraft ønsker å få ting til å skje – ta risiko, kople folk og bygge nytt næringsliv slik vestlendingen kan det: med vilje, handlekraft og tru på folk, seier styreleiar Bjørn Aage Haugen (t.h.) Her på toppen av Loen Skylift saman med den påtroppande daglege leiaren. Foto: Dag Ulvedal

Styret til Drivkraft f.v.: Roy Stian Farsund (SpareBank 1 Sogn og Fjordane), Anne-Mari Sundal Bø (Fjord1 og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane), Øyvind Reed (RAYVN), Bjørn Aage Haugen (Innvik AS) og Sigrid Alice Hovland (Innovasjon Norge). Foto: Dag Ulvedal
Stor interesse for stillinga
Styreleiar i Drivkraft, Bjørn Aage Haugen, ønsker at Drivkraft skal jobbe aktivt med verkemiddelapparat og privat næringsliv i Sogn og Fjordane.
– Vi skal saman legge til rette for gründerar, knoppskyting og vekst i eksisterande næringsliv. Drivkraft ønsker å få ting til å skje – ta risiko, kople folk og bygge nytt næringsliv slik vestlendingen kan det: med vilje, handlekraft og tru på folk, seier han.
46 kandidatar søkte på jobben som dagleg leiar i den nyoppretta stiftinga.
– Vi har opplevd stort engasjement rundt stiftinga – der mange ser at krafta stiftarane har lagt i startkapitalen vil kunne gjere ein reell og positiv forskjell. Etter ein grundig prosess er det veldig kjekt å få på plass Alfred. Han har med kompetansen, nettverket og engasjementet alle føresetnader for å lukkast i rolla. Vi ser med entusiasme fram til å kome i gang med arbeidet, seier Haugen.
For meir informasjon, kontakt:
Påtroppande dagleg leiar Drivkraft, Alfred Bjørlo, alfred.bjorlo@gmail.com , 480 82 652
Styreleiar Bjørn Aage Haugen, bjorn@drivkraft.no, 900 62 256
Andre aktueltsaker
-

Alfred Bjørlo blir dagleg leiar i næringsstiftinga Drivkraft
Les mer: Alfred Bjørlo blir dagleg leiar i næringsstiftinga DrivkraftAlfred Bjørlo blir dagleg leiar i næringsstiftinga Drivkraft Går frå Stortinget til nyoppretta næringslivssatsing. Tidlegare stortingsrepresentant og ordførar Alfred Bjørlo blir dagleg leiar for den nyoppretta næringsstiftinga Drivkraft. Drivkraft er etablert av SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane med ein startkapital på 100 millionar kroner. – Drivkraft er eitt av dei mest slagkraftige…

