Kraft Kapital Fart bak idéane

Drivkraft skal stimulere til omstilling og innovasjon, bygge sterke nettverk og bidra med risikokapital. Gjennom investeringar i nye idear, vekst og vidareutvikling vil stiftinga vere ein drivkraft for innovasjon og næringsutvikling.

Skipa av

Om Drivkraft

Drivkraft er eit initiativ oppretta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, bygd på eit solid verdigrunnlag og med ein startkapital på 100 millionar kroner.

Målet med Drivkraft er å vere ein pådrivar i utviklinga av både nytt og eksisterande næringsliv i regionen.

Administrasjon

Styret

Styret

Drivkraft, Bjørn Aage Haugen

Styreleiar

Bjørn Aage Haugen

Dagleg leiar Innvik AS

Drivkraft, Anne Mari Sundal Bøe

Styremedlem

Anne Mari Sundal Bøe

CFO Fjord1

Drivkraft, Sigrid Alice Hovland

Styremedlem

Sigrid Alice Hovland

Avd.leiar Innovasjon Norge

Drivkraft, Roy Stian Farsund

Styremedlem

Roy Stian Farsund

Direktør Bedriftsmarknad SpareBank 1 SF

Drivkraft, Øyvind Reed

Styremedlem

Øyvind Reed

CEO RAYVN

Kontakt oss

Drivkraft, Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo

Dagleg leiar
T: 480 82 652
E: alfred@drivkraft.no

Drivkraft, Lillian Loen

Lillian Loen

Seniorrådgjevar
organisasjon og utvikling
T: 905 70 484
E: lillian@drivkraft.no

Drivkraft, Alfred Bjørlo

Om Alfred

Alfred er dagleg leiar i Drivkraft – ei satsing som skal vere ein motor for nyskaping og næringsutvikling i Sogn og Fjordane.

Bjørlo kjem til Drivkraft med ein brei kombinasjon av politisk og næringsretta erfaring. Han har vore medlem av Stortingets Næringskomité, ti år som ordførar på Eid og Stad, dagleg leiar i Måløy Vekst og rådgjevar i både Nærings- og Samferdselsdepartementet. Med denne bakgrunnen har han eit sterkt blikk for både moglegheiter og utfordringar i regionalt næringsliv.

Som dagleg leiar skal Alfred setje strategisk retning og gi fart til arbeidet. Han skal byggje ein kultur prega av samarbeid, tillit og tempo, og knyte saman kapital, kompetanse og gode idéar. Han skal utvikle satsingar som løfter næringslivet i heile regionen, og vere ei synleg og samlande kraft for innovasjon og vekst.

For Bjørlo er dette meir enn ei leiarstilling – det er eit engasjement for framtida til Sogn og Fjordane. Han peikar på behovet for å få gode idéar, kapital og folk til å spele tettare på lag, og ser Drivkraft som ei unik moglegheit til å skape ny vekstkraft i regionen.

Ingenting er viktigare for Sogn og Fjordane enn å byggje framtidas næringsliv. Eg gler meg som ein unge til å kome i gang -vi har ikkje ein dag å misse!

Drivkraft, Lillian Loen

Om Lillian

Lillian vil bidra aktivt i etablering- og oppstartsfasen av Drivkraft. Ho er til vanleg Leiar Prosjekt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som òg er opprettar av Drivkraft, og vil gjennom denne rolla støtte utviklinga av den nye næringsstiftinga.

Ho har erfaring frå bank- og finansnæringa, mellom anna som finansrådgjevar i både DNB og SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Før ho byrja i Sparebankstiftinga hadde ho stillinga fagsjef HR og konsernstøtte i SpareBank 1 SF, med ansvar for rekruttering, organisasjonsstøtte og styreadministrasjon.

Lillian er sterkt engasjert i samfunnsutviklinga, og brenn for å skape levande lokalsamfunn og attraktive arbeids- og bumiljø i regionen. Ho ønskjer med dette engasjementet å bidra til at Drivkraft blir ein verdiskapande aktør for heile Sogn og Fjordane.

I Drivkraft vil ho ha ei koordinerande, utviklande og administrativ rolle, der ho støttar oppbygginga av struktur, samarbeid, arbeidsprosessar og organisasjonsutvikling.