Drivkraftfesten 8. juni

152 søknader.

Det var fasiten då fristen for å søke dei aller første Drivkraft- og Spirestipenda gjekk ut.

Talet er imponerande i seg sjølv. Men endå meir imponert vart vi når vi og vår jury starta å gå gjennom søknadene.

Spennet i bransje, idéar og bakgrunn er enormt, og søknadene kjem frå nesten kvar einaste krik og krok i Sogn og Fjordane. Og bak kvar einaste søknad ligg det folk som vil noko. Som tar risiko. Som drøymer stort, enten det handlar om å starte noko nytt eller ta det dei alt har begynt på til neste nivå. 

Det vil vi markere, og gi noko tilbake til alle. 

Difor inviterer vi alle som har søkt Drivkraft- og Spirestipend til Drivkraftfesten måndag 8. juni kl 17 på Elvesus i Førde.

Det blir ein kveld med:

  • Inspirerande innlegg frå folk som har vore ute ei vinternatt før, blant anna gründeren for det kanskje råaste vekstselskapet frå Sogn og Fjordane nokonsinne: Tibber
  • gode samtalar frå scena om kva som faktisk skal til for å lykkast
  • mat, drikke og uformell mingling
  • presentasjon av neste steg og ambisjonane vidare for Drivkraft
  • ..og sjølvsagt annonsering og utdeling av Drivkraft- og Spirestipenda 

Men viktigast av alt:

Dette er ein møteplass. Ein plass for å bli inspirert og treffe nye kontakter. Vi i Drivkraft og juryen vil vere til stades, inkludert leiarane for dei to inkubatorane i Sogn og Fjordane (Kunnskapsparken Vestland og Aksello), leiaren for StartupLab i Bergen og Sparebank1 Sogn og Fjordane. 

Arrangementet er gratis for 2 personar pr søkarbedrift / Spire-gründer. Alle som har søkt Drivkraft- eller Spirestipend skal ha fått personleg invitasjon pr e-post.

Saknar du invitasjonen, eller ønsker å kome fleire enn 2:
Ta kontakt pr e-post.
Meld deg på innan 25. mai – dess før dess betre!

Vi gler oss til å sjå deg – og til det som skal vekse vidare herifrå.