Oppdatert: 18.12.25
Personvern og informasjonskapslar (cookies)
Dette er personvernerklæringa for Drivkraft. Ho forklarer korleis vi handterer data når du besøkjer nettsida vår.
1. Personvern – kort og enkelt
Vi ønskjer at du skal kunne bruke nettsida vår utan å bli spora. Difor har vi valt eit oppsett som tek vare på personvernet ditt:
- Ingen skjema: Vi har ikkje kontaktskjema, noko som gjer at vi ikkje samlar inn namn eller e-postadresser via nettsida.
- Ingen sporing eller SEO-verktøy: Vi brukar ikkje Google Analytics, Facebook-pikslar eller andre verktøy som kartlegg kva du gjer på nettet.
- Ingen deling: Sidan vi ikkje samlar inn data, sel eller deler vi heller ingenting med tredjepartar.
2. Informasjonskapslar (cookies)
Ein «cookie» er ei lita tekstfil som blir lagra i nettlesaren din når du besøkjer ei nettside. For nettsida til Drivkraft gjeld følgjande:
- Nødvendige kapslar: Vi brukar berre tekniske informasjonskapslar frå WordPress og Elementor. Desse er heilt nødvendige for at designet skal visast korrekt og for at nettsida skal fungere teknisk.
- Ingen marknadsføringskapslar: Vi brukar ingen informasjonskapslar for reklame, profilering eller statistikk.
Dersom du ikkje ønskjer at det skal lagrast informasjonskapslar, kan du skru av dette i innstillingane i nettlesaren din. Ver merksam på at sida då kan fungere noko dårlegare.
3. Drift og tryggleik
Nettsida blir drifta av Snitt Reklame og ligg på hosting hos WP Engine.
For at nettsida skal vere trygg og stabil, blir teknisk informasjon (som IP-adressa di og kva nettlesar du brukar) logga på serveren i ein kort periode. Dette er standard prosedyre for å kunne stoppe dataangrep og feilsøke systemet. Desse loggane blir sletta automatisk og blir ikkje brukte til å identifisere deg som person.
4. Dine rettar
Etter personopplysingslova har du rett til innsyn i egne opplysningar. Sidan Drivkraft ikkje lagrar personopplysningar om deg på denne nettsida, har vi i utgangspunktet ingen data å gje innsyn i eller slette.
5. Kontakt
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss:
E-post: lillian@drivkraft.no