Som trainee blir du ein sentral ressurs i eit lite team og får jobbe tett med dagleg leiar Alfred Bjørlo. Arbeidsstad er det pulserande kontorfellesskapet PEAK Sunnfjord i Førde, der du også blir ein del av eit større nettverk med andre trainear.
Kort om stillinga:
- Arbeidsoppgåver: Innhaldsproduksjon, sosiale medium, digitale flater og administrative oppgåver.
- Kven ser vi etter? Ein strukturert do’er med samfunnsengasjement og gode formidlingsevner.
- Krav: Minimum bachelor/master/fagskule, maks 3 års arbeidserfaring etter studiet, og gode norskkunnskapar.
- Søknadsfrist: 2. juni 2026.
→ Gå til Framtidsfylket for å lese heile utlysinga og sende søknad

