Ny utlysing av Drivkraftstipend og Spirestipend: Potten blir auka til 2,5 millionar kroner

Stiftinga Drivkraft opnar i dag ein ny runde med idéstipend til næringslivet i Sogn og Fjordane, eit halvt år tidlegare enn planlagt.

Potten er auka frå 2 til 2,5 millionar kroner, og mottakarane får no tilbod om rådgiving i tillegg til stipendmidlar.

– Responsen på første runde utlysing av Drivkraftstipend var langt større enn vi hadde venta, og kvaliteten på søknadene var høg. Det fortel oss at det finst mykje skapartrong i Sogn og Fjordane som fortener å bli løfta fram, seier dagleg leiar Alfred Bjørlo i Stiftinga Drivkraft.

Søknadsfristen er 18. desember 2026. Stipenda blir delte ut på Drivkraftfesten på nyåret 2027.

Dette blir lyst ut

Drivkraftstipendet går til etablerte bedrifter som skal ta eit større steg: ei ny satsing, knoppskyting eller utviklingsprosjekt. Ramma er 2 millionar kroner, og kvart stipend kan vere på inntil 500 000 kroner. Juryen avgjer kor mange stipend som blir delte ut.

Spirestipendet går til gründerar under 30 år. Her blir det delt ut fem stipend på 100 000 kroner.

Drivkraft Boost er nytt i denne runden. Alle som får Drivkraftstipend, får inntil ti timar rådgiving med ein rådgivar Drivkraft koplar dei med. Juryen kan også tilby dette til eit utval andre søkjarar.

– Pengane er berre halve jobben. Det som ofte manglar for ferske gründerar og bedrifter, er nettverk og kompetanse, seier seniorrådgivar Lillian Loen i Stiftinga Drivkraft.

– Med Drivkraft Boost får mottakarane inntil ti timar med ein rådgivar vi koplar dei med, ut frå kva dei faktisk treng.

Ni stipend i første runde

Første runde Drivkraftstipend og Spirestipend blei lyst ut våren 2026. Det kom inn heile 152 søknader. Ni stipend på til saman 2 millionar kroner blei delte ut, med vinnarar frå både Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

– Nyskaping og vekst i næringslivet er avgjerande for samfunnsutviklinga i distriktsregionar som våre. Difor framskundar vi neste runde frå 2027 til 2026, aukar potten og legg spissa rådgiving på toppen av stipendet, seier Bjørlo og Loen.

Vil ha fleire kvinnelege søkjarar

I første runde var om lag åtte av ti søkjarar menn, og berre to av ni stipendmottakarar var kvinner.

– Eg trur ikkje det speglar kven som har dei gode ideane. I denne runden ønskjer vi langt fleire søknader frå kvinner som har ein bedriftsidé eller vil utvikle bedrifta si, seier Bjørlo.

Drivkraft vil i vekene framover løfte fram kvinner som viser veg i næringslivet i Sogn og Fjordane for å inspirere andre kvinner, reise ut til alle kommunane i fylket for å spreie informasjon og mobilisere søkjarar, og forlenge søknadstida frå éin månad til over to.

Foto: Ingeborg Sol Fure

Om stipenda

  • Drivkraftstipendet: ramme 2 millionar kroner, stipend på inntil 500 000. For etablerte bedrifter med eit utviklingsprosjekt.
  • Spirestipendet: fem stipend på 100 000 kroner til gründerar under 30 år.
  • Drivkraft Boost: inntil ti timar rådgiving til alle som får Drivkraftstipend, og til eit utval andre søkjarar.
  • Søknadsfrist: 18. desember 2026. Tildeling på Drivkraftfesten på nyåret 2027.
  • Søknadsskjema og kriterium: drivkraft.no/stipendordningar

Stiftinga Drivkraft er skipa av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og arbeider for nyskaping og vekst i næringslivet i Sogn og Fjordane gjennom kapital, kompetanse og nettverk.