Bak frå venstre: Elisabeth Nytun Fredriksen (Sparebanken Møre), Svein Petter Starheim (SpareBank 1 Sogn og Fjordane), Ørjan Skåden (SpareBank 1 Sogn og Fjordane) og Sissel Kragset Vik (Sparebanken Møre). Framme frå venstre: Alfred Bjørlo (Stiftinga Drivkraft), Lars Endre Gimmestad (Stad Vekst), Hege Karete Hamre (Sparebanken Møre) og Ove Kjøllesdal (Stad Vekst). Foto: Øystein Torheim. Foto: Øystein Torheim.
Stiftinga Drivkraft bidreg med 500 000 kroner til å mobilisere næringslivet på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane til eit felles løft for å skape varige ringverknader av Stad skipstunnel. Arbeidet heiter «Gjennom Stad» og blir koordinert av Stad Vekst AS i samarbeid med Kystverket, Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommunar og næringslivet i regionane sør og nord for Stad.
– Stad og Stadhavet har til alle tider vore ei barriere for sjøtransport langs kysten vår. Om fem år er den barrieren borte. Det opnar for noko vi aldri har hatt: éin samla kystregion nord og sør for Stad, med nye moglegheiter for næringslivet på begge sider. Jobben med å utvikle den regionen må starte no. Det er vi i Stiftinga Drivkraft glade for å kunne bidra til, seier Alfred Bjørlo, dagleg leiar i Stiftinga Drivkraft.
Dette er «Gjennom Stad»
Gjennom Stad blir koordinert av Stad Vekst AS, eit selskap eigd av næringslivet i vertskommunen Stad. Kystverket har signert samarbeidsavtale og anerkjent Stad Vekst som koordinator for ringverknadsarbeidet. Det same har Vestland og Møre og Romsdal fylkeskommunar.
Arbeidet har tre langsiktige mål:
- Verdiskaping i byggeperioden. Hovudkontrakten er på om lag 5,6 milliardar kroner. Erfaringstal frå tilsvarande utbyggingar tilseier at rundt ein tredel kan hamne hos regionalt næringsliv.
- Varige verdiar etter opning. Om lag 5,1 millionar kubikkmeter stein skal ut av fjellet og kan bli ferdig opparbeidd næringsareal. Ny skipslei og tryggare sjøtransport gir nye moglegheiter i havrommet, industrien og reiselivet.
- Éin region. Kommunar, fylkeskommunar og næringsliv nord og sør for Stad arbeider saman, med eitt felles program og éi stemme overfor stat, byggherre og marknad.
– At bankmiljø frå både Sogn og Fjordane og Sunnmøre går saman, er eit sterkt signal om at Stad skipstunnel er eit felles løft for heile regionen. Skal vi lukkast, må offentleg og privat sektor dra i same retning. Mobiliseringsfasen skal leggje grunnlaget for ei samordna styring og ein strategi som heile regionen står bak, seier Lars Endre Gimmestad, prosjektleiar i Stad Vekst.
Dette skjer no
Allereie 11. november blir det leverandørkonferanse i Selje, med AF Gruppen og Kystverket. 3.-4. desember følgjer eit mobiliseringsmøte i Ålesund for offentleg sektor, næringsliv og finans frå begge fylka. Innan 31. mars 2027 skal styringsstruktur og strategi for ringverknadsarbeidet vere lagde fram.
I forprosjektet frå 2023 melde 148 bedrifter seg på leverandørlista. Verksemder i Sogn og Fjordane som vil levere til utbygginga, må ta kontakt med Stad Vekst for å kome inn i leverandørdatabasen.
Om tilsagnet
Stiftinga Drivkraft bidreg med 500 000 kroner. Pengane er eit eingongsbidrag til mobiliseringsfasen fram til 31. mars 2027. Saman med SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sparebanken Møre gir Drivkraft til saman 1,3 millionar kroner til arbeidet.


