– Vi fekk utrulig mange dyktige søkarar. Linnea utmerka seg med solid kommunikasjons-kompetanse både gjennom utdanning og praktisk erfaring, sterkt engasjement og gjennomføringsevne. Det seier dagleg leiar Alfred Bjørlo.
Stillinga i Drivkraft er ein del av trainee-programmet til Framtidsfylket og vakte stor interesse då ho vart lyst ut. Rundt 30 søkarar konkurrerte om stillinga.
Vil vere med å byggje noko nytt
Linnea Høyvik kjem frå Florø. Ho har bachelor i digital marknadsføring og salgsleiing frå Høyskolen Kristiania, i tillegg til årsstudium i psykologi.
Ho har det siste året arbeidd med kommunikasjon og innhaldsproduksjon i Byen Vår Florø, og har erfaring frå mellom anna digital marknadsføring, kundeservice og arrangement.
– Eg er veldig glad for å ha fått denne sjansen. Det som gjorde at eg søkte trainee-stillinga, var først og fremst å få vere med frå starten i ei ny satsing som betyr mykje for næringslivet i regionen. Kombinasjonen av kommunikasjon og næringsutvikling verkar veldig spennande. Eg trur dette blir ein unik moglegheit til å utvikle meg fagleg. Eg gler meg til å lære av dyktige menneske og bidra der eg kan, seier Linnea Høyvik.
Tett på næringslivet
Som trainee skal Linnea arbeide tett saman med dagleg leiar Alfred Bjørlo og seniorrådgjevar Lillian Loen. Arbeidsoppgåvene vil spenne frå kommunikasjon, sosiale medium og arrangement til prosjektarbeid, kontakt med bedrifter og oppfølging av Drivkraft sine satsingar.
– Vi har vore opptatt av å finne ein ung, nyutdanna person som både kan styrke den daglege kommunikasjonen vår og ta aktivt del i å utvikle Drivkraft, og som brenn for å bygge regionen vår for framtida, seier Bjørlo.
Vil satse på unge talent
Bjørlo meiner tilsetjinga også illustrerer kva Drivkraft ønsker å vere.
– Ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å gi fleire unge talent moglegheit til å skape og utvikle seg i Sogn og Fjordane. Det kan vi gjere gjennom stipend, investeringar og samarbeid med næringslivet – men også ved å gå føre som arbeidsgivar og gi nyutdanna folk eit løft vidare. Vi er veldig glade for at Linnea har valt å bli med oss og gler oss til å ta imot henne, seier Alfred Bjørlo og Lillian Loen i Stiftinga Drivkraft.

Om Linnea Høyvik
- 24 år, frå Florø
- Bachelor i digital marknadsføring og salgsleiing frå Høyskolen Kristiania
- Årsstudium i psykologi
- Kjem frå stilling som marknadsførar og innhaldsprodusent i Byen Vår Florø

