Connect Kapitalsimulator i Førde 20.-21. mai: Lær å bli ein god tidligfaseinvestor

I samarbeid med Connect Vest og Innovasjon Norge kan Stiftinga Drivkraft for første gang tilby Norges beste kompetanseprogram på tidligfaseinvesteringar i Sogn og Fjordane: Connect Kapitalsimulator.

I løpet av to intensive dagar får du kjenne på kroppen korleis det er å bygge,
finansiere og skalere selskap frå oppstart til exit – saman med andre investorar og
gründerar.

For kven?

Connect Kapitalsimulator er for deg som vil lære meir om tidligfaseinvesteringar, først
og fremst som investor eller rådgivar. Utvalde gründerar som skal hente kapital vil
også få delta. Programmet er for deltakarar med ulikt erfaringsnivå og som:

  • Ønskjer betre verktøy, struktur og avkasting på investeringane
  • Vil bli ein betre rådgivar og sparringspartner for gründerar
  • Vil bygge nettverk, dele eigne erfaringar og vere med og heve kompetansen om skalering og kapitalstrategi

Kvar og når?

Connect Kapitalsimulator vil foregå i Førde 20.-21. mai 2026 – med tilknytta digitale
samlingar 6. mai, 13. mai og 10. juni.

Les meir om Connect Kapitalsimulator og søk om opptak på samlinga i Førde her.

Det er avgrensa tal plassar – søk om opptak så snart som mulig!