Dei første Drivkraftstipenda er delt ut: Sjå vinnarane

Måndag 8. juni gjekk Drivkraftfesten av stabelen i Førde, med over 150 grunderar og nyskaparar frå heile Sogn og Fjordane til stades.
Foto: Jostein Vedvik
Foto: Jostein Vedvik

Høgdepunktet på festen var offentleggjering av vinnarane av dei aller første Drivkraft- og Spirestipenda. 

Interessa for stipendutlysinga har vore over all forventning, med heile 152 søknader! 

Vinnarane av dei første Drivkraft- og Spirestipenda er som følger:

Spirestipend (a 100.000 NOK)

  • Edbox
  • Håstein Gard
  • R.E.N Eiendom/Gordon Hotell
  • Balestrand Technologies
  • Seljeset Gard 

Les meir om vinnarane her.

Drivkraftstipend

  • Emendabox (200.000 NOK)
  • Rampegutta (300.000 NOK)
  • Ecosort (500.000 NOK)
  • Fortloq (500.000 NOK)

Les meir om vinnarane her.

Vi vil takke alle som har sendt inn søknad for engasjementet. Vi håpar de held fram med å utvikle prosjekta dykkar! 

Vi kan også informere om at det vil kome ein ny runde utlysing av stipend allereie hausten 2026.  Drivkraft kjem til å rulle ut også andre tilbod og ordningar som kan hjelpe fram nyskaping i Sogn og Fjordane i tida framover. 

I mellomtida: Riktig god sommar, og takk for jobben du gjer for å skape framtida!