Drivkraft gir 500 000 kroner til «Sider frå Sogn» – no vil dei ut i Europa

Stiftinga Drivkraft gir 500 000 kroner til Sogn Frukt- og Siderlaug, som vil ha «Sider frå Sogn» inn i det same celebre selskapet som Champagne og Rioja.

Stiftinga Drivkraft gir 500 000 kroner til Sogn Frukt- og Siderlaug, som vil ha «Sider frå Sogn» inn i det same celebre selskapet som Champagne og Rioja.

Alt ligg til rette for at de vil lukkast. De har eit fantastisk produkt, ei imponerande historie, og ikkje minst den entusiasmen og motet som de viser.

Alfred Bjørlo, dagleg leiar i Stiftinga Drivkraft

Det sa Alfred Bjørlo då han denne veka tok turen til Ciderhuset i Balestrand med ein sjekk på 500 000 kroner til Sogn Frukt- og Siderlaug. Med seg hadde han Jan Petter Vadheim frå bedriftsmarknaden i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, som kom med 1,5 millionar kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, gitt frå overskotet til SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Til saman har siderlauget dermed fått to millionar kroner.

Det var på mange måtar på Ciderhuset sidereventyret i Sogn starta på 90-talet, med Åge Eitungjerde og Balholm.

Ei gruppe på ti personar står utanfor Ciderhuset i Balestrand med to store sjekkar til Sogn Frukt- og Siderlaug, ein frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane og ein frå Drivkraft.
Til saman fekk Sogn Frukt- og Siderlaug to millionar kroner: 1,5 millionar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og 500 000 kroner frå Drivkraft.

Bjørlo meiner prosjektet vil gi ringverknader langt utover siderprodusentane:

– Dette kan bety mykje for næringsutvikling og vekstkraft i heile Sogne-regionen, også for mange bedrifter utanfor siderklynga. Så dette er verkeleg kjekt å vere med på, og det blir veldig spennande å følge med dykk vidare!

– Desse pengane set vi utruleg stor pris på. Dei er heilt avgjerande for framdrifta i prosjektet, seier Endre Kleiveland, styreleiar i Sogn Frukt- og Siderlaug. Han driv også Ølmheim siderhage saman med kona Sigrid Ølmheim.

Frå beskytta merkevare til Europa

Sogn Frukt- og Siderlaug veks som berre det. 14 produsentar står bak organisasjonen som saman jobbar for å bygge Sogn som siderregion. For omtrent eitt år sidan fekk siderlauget godkjend «Sider frå Sogn» som ei beskytta merkevare.

Tre leande personar held ein lilla Drivkraft-sjekk på 500 000 kroner til Sogn Frukt- og Siderlaug i ein snødekt frukthage med fjorden i bakgrunnen.
Stor stemning då Drivkraft-sjekken på 500 000 kroner vart overrekt i frukthagen ved Ciderhuset i Balestrand.

– No handlar det om å bygge Sogn som region. Sjå berre på vin-regionane i Europa. Alle dei har bygd opp merkevara si gjennom å bygge regionen dei kjem frå, seier Kleiveland.

Saman med Sogn Næring har siderlauget no sett i gong eit treårig prosjekt som verkeleg skal setje «Sider frå Sogn» på kartet. Prosjektet handlar om fire hovudpunkt: bygge omdøme, regional verdiskaping, nasjonal marknadsutvikling og internasjonal etablering.

Sistnemnde skal munne ut i at «Sider frå Sogn» forhåpentlegvis får innvilga PGI, som står for «Protected Geographical Indication». Dette er EU sin variant for geografisk beskytta nemning, og dersom «Sider frå Sogn» får det, så set det Sogn inn i det same systemet som for eksempel Champagne og Rioja.

– Målet er at «Sider frå Sogn» skal vere eksportklar når dette treårige prosjektet er ferdig. Og då må vi ha fått innvilga PGI, for det er det språket dei forstår i utlandet. Den geografisk beskytta nemninga vi allereie har i Noreg er det same opplegget, men vi må få det overført til den europeiske ordninga, seier Sigrid Skjerdal i Sogn Næring, som hjelper siderlauget i dette arbeidet.

– Eit imponerande prosjekt

Også banken ser store ringverknader av satsinga.

– Å utvikle næringslivet i området vårt er veldig viktig for oss. Og dette er eit fantastisk prosjekt som vil gi store ringverknader for både reiseliv, jordbruksnæringa og siderprodusentane. Det er veldig kjekt å kunne gi ein så stor sjekk til eit så imponerande prosjekt, seier Vadheim.