Drivkraft gir starthjelp til «Gründerløftet Sogn»

Stiftinga Drivkraft gir 250.000 kroner i gåvemidlar til pilotprosjektet «Gründerløftet Sogn», i regi av Sogn Næring. Målet er å få fram fleire gründerar, fleire nye bedrifter og eit sterkare felles entreprenørskapsmiljø i Sogn.
Alfred frå Drivkraft og Sogn Næring-teamet: Line Bjelde, Ida Brastad Ramfjell og Catarina Batista.
Alfred frå Drivkraft og Sogn Næring-teamet: Line Bjelde, Ida Brastad Ramfjell og Catarina Batista.

«Gründerløftet Sogn» er utvikla av Sogn Næring som ein samla tiltakspakke for å styrke etablering og utvikling av nye bedrifter. Prosjektet omfattar mellom anna mentorordningar, møteplassar, nettverk, tidlegfasefinansiering og praktisk tilrettelegging for etablering.

Det skjer samtidig som Sogn Næring er i ferd med å bli utvikla til eit felles næringsutviklingsselskap for heile Sogn, med ambisjon om å samle fleire verkemiddel og funksjonar under eitt tak.

Dagleg leiar i Drivkraft, Alfred Bjørlo, meiner prosjektet treff svært godt på stiftinga sitt formål.

– Gründerar og bedrifter bryr seg ikkje om kommunegrenser, om kven som eig kva verkemiddel eller kven som har ansvar for kva ordning. Klarer vi å gjere vegen frå idé til handling enklare, kjem vi til å få fleire gründerar, fleire bedrifter og meir verdiskaping. Difor synest vi det er spennande og positivt at Sogne-regionen er i ferd med å samle seg om Sogn Næring som eit felles selskap for næringsutvikling, med mange verktøy i same verktøykasse.

Bjørlo peikar på at mange gode etablerarprosjekt i dag fell mellom eksisterande ordningar.

– Vi har gode virkemiddel og system for dei mest innovative selskapa med betydelege vekstambisjonar. Men vi har også mange «kvardags-gründerar» med gode idéar som betyr mykje for lokalsamfunna sine. Skal vi lukkast med å skape vekst og framtidstru, må vi gi også desse god oppbacking og hjelp på vegen.

Drivkraft ser på satsinga som meir enn eitt enkelt prosjekt.

– Stiftinga Drivkraft er ei heilt ny stifting, skipa av Sparebank1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane med formål om å skape auka vekstkraft i næringslivet i Sogn og Fjordane. Vi ønskjer å legge til rette for at det skal bli enklare, meir samordna og meir slagkraftige strukturar for næringsutvikling i heile Sogn og Fjordane. Sogne-regionen går no føre. Det vil vi støtte opp under, seier Bjørlo.