Drivkraft-stipenda: Desse skal peike ut vinnarane

- Vi er glade for å ha fått på plass ein så sterk jury for å blinke ut vinnarane av dei aller første Drivkraft-stipenda. Drivkraft har allereie fått over 30 søknader, og ser fram til å få endå mange fleire før fristen går ut 31. mars.

Det seier dagleg leiar i Stiftinga Drivkraft, Alfred Bjørlo. Drivkraft har nyleg lansert ei pilotordning med stipend på til saman to millionar NOK til dei beste vekstideane i næringslivet i Sogn og Fjordane:  «Drivkraftstipendet» for idear frå etablerte bedrifter og «Spirestipendet» for unge gründerar under 30 år. 

– Simen Staalnacke, Ingvill Hestenes og Børge Dvergsdal har alle vore sentrale i å bygge bedrifter av internasjonalt format ut frå gründeridéar i Sogn og Fjordane: Moods of Norway, Convene og Tibber. Med desse tre saman med oss i Drivkraft og leiarane for dei to inkubatorane i Sogn og Fjordane, Kunnskapsparken og Aksello, får vi den best tenkelege juryen for å velje ut og hjelpe vidare dei beste vekstideane, seier Alfred Bjørlo. 

Juryen for Drivkraftstipenda er:

  • Børge Dvergsdal – Tibber, Director Innovation & Strategic Partnership
  • Ingvill Hestenes – Convene, CEO
  • Simen Staalnacke – Staalnacke Industries, Gründer/Designer/Konseptutvikler
  • Linn Theres Nekkøy – Aksello, Dagleg leiar
  • Kjetil Kvåle – Kunnskapsparken Vestland, Dagleg leiar
  • Alfred Bjørlo, Stiftinga Drivkraft
  • Lillian Loen, Stiftinga Drivkraft

Drivkraft understrekar at stipendordningane berre er første steg i eit større arbeid for å styrke nyskaping og vekst i Sogn og Fjordane.

– Stipenda er startskotet. Samtidig jobbar vi med større og meir langsiktige grep for å bidra til meir investeringskraft og vekstevne i det etablerte næringslivet. Skal regionen lykkast, må både nye og eksisterande bedrifter få betre tilgang til kapital, kompetanse og nettverk. Der kjem vi tilbake med endå meir målretta verkemiddel, seier dagleg leiar Alfred Bjørlo.

Framtida til Sogn og Fjordane står og fell på vekstkrafta i næringslivet vårt. Skal lokalsamfunna våre vere attraktive å bu og leve i, treng vi eit mangfald av livskraftige bedrifter. Drivkraft er etablert av SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane for å vere ein motor i arbeidet med å rigge næringslivet i Sogn og Fjordane for framtida.