Kan vi teikne kapitalgapet slik at ein 4.-klassing forstår det?

Norge sit på store verdiar. Likevel slit mange gründerar med å skaffe kapital i den tidlege fasen av eit selskap. Kvifor heng ikkje dette saman, og korleis kan vi forklare det så enkelt at ein fjerdeklassing skjønar det?

Det er spørsmålet vi i Drivkraft, Connect Vest, og Bergen Næringsråd tek tak i når dei inviterer til lunsjsamtale onsdag 16. september.

Politikk møter næringsliv

Rundt bordet møtest folk som kjenner problemstillinga frå ulike kantar: redaktøren som følgjer næringslivet tett, entreprenøren og investoren som har stått i det sjølv, skattekommisjonen som ser dei store linjene, og politikarane som skal utforme rammevilkåra.

I panelet:

  • Sølve Rydland, sjefredaktør i BA
  • Jens-Petter Glittenberg, entreprenør og investor
  • Ingrid Nergaard Fjeldstad, Skattekommisjonen
  • Ruth Mariann Hop, Ap, Næringskomiteen
  • Martin Virkesdal Jonsterhaug, FrP, Finanskomiteen

Samtalen blir leia av Alfred Bjørlo og Gøril Selvik. Illustratør Hanne Wetland teiknar samtalen live, i tråd med tittelen skal dei store spørsmåla bli synlege, ikkje berre snakka om.

Praktisk informasjon

Tid: Onsdag 16. september, kl. 11.30–13.00

Stad: Tårn 2, 11. etasje, Media City Bergen

Servering: Rundstykke og kaffi

Det er plass til 40 deltakarar, og dei som ønskjer å delta aktivt i samtalen blir prioriterte.

Meld deg på via Connect Vest sine nettsider.