Saman skal vi:
- skape nye møteplassar og kompetanseprogram, mellom anna Connect Kapitalsimulator i Førde 20.–21. mai
- mobilisere fleire lokale og regionale investorar
- løfte fram dei mest ambisiøse gründerane i Sogn og Fjordane
Det er inspirerande å sjå korleis Drivkraft, etablert av Sparebankstiftinga Sogn og
Fjordane og SpareBank 1 Sogn og Fjordane, tek ei tydeleg rolle i utviklinga av
framtidas næringsliv i regionen. Med eit solid verdigrunnlag og 100 MNOK i
startkapital er Drivkraft eit kraftfullt initiativ for å mobilisere meir kapital, kompetanse
og energi inn i gründermiljøet i Vestland, og særleg i Sogn og Fjordane.
Sjølv i ei tid der tidlegfase venture nasjonalt er på veg ned, ser vi ei positiv utvikling
på Vestlandet. Connect har styrkt posisjonen sin, og investornettverket vårt har vakse
med 50 % nye medlemmar. Tidlegfasefond Vestland har no 60 MNOK i kommittert
kapital og skal investere i 30 nye selskap dei komande åra. Den vestlandske
kremmarånda lever i beste velgåande, og det merkar vi godt.
At Drivkraft i tillegg allokerer 1 MNOK direkte til tidlegfaseinvesteringar, viser
handlekraft og vilje til å bidra. Det er slike initiativ som gjev fleire gründerar sjansen,
skaper nye arbeidsplassar og gjev framtidsretta verksemder grobotn i fylket vårt.
Vestland treng denne typen samarbeid, og Drivkraft og Connect oppmodar fleire til å
bli med.


