Vi støttar Stadt OceanLab: – Kan opne moglegheiter for mange lokale bedrifter

Kva skal til for at Måløy blir ein testarena for framtidas havteknologi? Vi meiner svaret er samarbeid. Difor gir Drivkraft 100 000 kroner til forprosjektet Stadt OceanLab.

Stadt Towing Tank

Måndag 9. november tok vi turen til Stadt Towing Tank i Deknepollen i Måløy. Same dag var forskarar frå Meteorologisk institutt og SINTEF der for å teste nye bølgjebøyer i testtanken. Vi fekk sjå på nært hald korleis eit lite miljø ytst på kysten samarbeider med nokre av dei tyngste fagmiljøa i landet.

Gaute Hope frå Meteorologisk institutt viser fram bølgjebøyene, som er så små at dei får plass i ei drikkeflaske.

Frå testtanken og ut på havet

Stadt OceanLab er eit samarbeid mellom Stadt Towing Tank, Sea Technology, EasyForm og Måløy Verft. Ambisjonen er å tilby testing av ny havteknologi heile vegen, frå modellforsøk i tanken til krevjande forhold ute på Stadhavet. Aktuelle område er havbruk, flytande havvind og fartøy.

Bølgjebøyene blir gjorde klare før dei skal testast i tanken.

Kvifor vi støttar prosjektet

Drivkraft finst for å gi kraft til idéar som kan skape meir innovasjon og sterkare vekstkraft i Sogn og Fjordane. Stadt OceanLab passar godt inn i det. Prosjektet kan gi oppdrag til lokale verft, designmiljø og utstyrsleverandørar. Måløy vidaregåande skule er også med, slik at elevar får kontakt med forskarar og bedrifter, og regionen kan rekruttere fagfolk for framtida. Vi gler oss til å følgje Stadt OceanLab vidare!

– Det er vanskeleg for éi bedrift å putte inn alle pengane i noko som er så langsiktig. Det må vere eit spleiselag. Det handlar om å utnytte styrken i det lokale næringslivet og kople den til dei nasjonale fagmiljøa. Den kombinasjonen har eg veldig tru på, seier dagleg leiar Alfred Bjørlo i Stiftinga Drivkraft.

– Om dette samarbeidet lukkast, er det ikkje berre bra for Stadt Towing Tank, men for heile Måløy, seier han.

Dagleg leiar Vegard Åstebøl Larssen viser korleis testane i tanken går føre seg.

Har du òg ein idé som treng drahjelp?

Drivkraftstipendet og Spirestipendet er opne for søknader fram til 18. desember 2026.

I denne runden deler vi ut 2,5 millionar kroner til gründerar og bedrifter i Sogn og Fjordane. Søk her